Hjem > Sommer & høst > Vandring


Vandring

- Opplev fjellets vakre farger på Haukeli!

Elvelangs i Vågslid. (Foto: Guro Lien)

Flotte omgjevnader. (Foto: Guro Lien)

Naturopplevingar for alle. (Foto: Guro Lien)


Haukeli er ei heilt spesiell naturperle, med særskilt mange naturkvalitetar.

Gjennom den aust-vestgående dalen langs Kjelavassdraget er det frodig og vakkert, medan det på nord- og sørsida er milevis med slake fjellvidder. Vestover langs Europaveien, møter ein Haukelifjell med idylliske vassdrag og storslege landskap.

I den vestlege delen av Haukelifjell er naturen vill, med stupbratte fjellskrentar og ekstreme fjellformasjonar.

Ny turveg på Haukelifjell

Skal du på biltur over Haukelifjell, eller kanskje ein tur på hytta i Vågslid? Ta med deg familien på ein lett rundtur langs elv og vatn ved Arbuvollen!

Den lette rundturen på 1,3 km startar ved Arbuvollen fjellbutikk. Turvegen går på grus og asfalt, og slyngar seg fint langs elva, vatnet og gjennom fjellbjørkeskogen. Du kan ta med deg barnevogn på heile runden. Med rullestol og hjelpar kjem du til både fiskeplass, utsiktspunkt og grillplass. Strekninga for rullestol går på asfalt og grus, og har ein stigning på 3 % over 500 m.   

Slik kjem du til turvegen

Frå Haukeli sentrum: Følg E-134 vestover. Etter ca 16 km, ta av til venstre ved Arbuvollen Fjellbutikk før du kjem til Haukelifjell Skisenter. Her finn du ein stor parkeringsplass med gratis parkering, sesongopen kiosk med daglegvarer og toalett. Startpunkt: Turvegen startar til venstre for parkeringsplassen og går nedover bjørkeskogen. Kjem du med rullestol, følgjer du asfaltvegen til høgre for fjellbutikken ned til vatnet.

Vidda Vinn

Turvegen i Vågslid er eit tiltak i prosjektet Vidda Vinn, som er eit samarbeid mellom Vinje og Tinn nasjonalparkkommunar. Hovudmålet i prosjektet er å setje Hardangervidda nasjonalpark på kartet på ein måte som gjer at både villrein, grunneigarar og reiseliv rundt vidda vinn. Vidda Vinn er eit av femten nasjonale prosjekt i Direktoratet for naturforvaltning (DN) sitt verdiskapingsprogram for naturarven. Telemark fylkeskommune og DN finansierer prosjektet saman med kommunane. Sjå Miljøverndepartementet sin nye film om Vidda Vinn: http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/aktuelt/nyheter/2012/solstien.html?id=686586

Haukeliseter Fjellstue

Velg på øverste hylle av aktiviteter rundt Haukeliseter om sommeren og høsten.

Fantastiske muligheter for fotturer i storslått natur, utallige fiskevann i umiddelbar nærhet,

Vågslid

Flere mulige løypevalg. Du kan starte turen fra Arbuvollen, fra Vågslidvatn, eller fra Øykjeli. Vågslid Villmark er kjend for sin ville og flotte natur, sin frodige vegetasjon og for sine elver, bekker og små vatn. Småkupert, men lett og ta seg fram.
Vågslid - Botnestøylen - Vågslid 2,5 time
Vågslid - Øykjeli 2,5 time
Vågslid - Fossen - Arbuvollen - Vågslid 6 timer

Bergholetur til Hermodshola: 1 time

Parker ved Prestegard, nær østre inngang til Vågslidtunnelen. Følg traktorveien (veien mot Havradalen) ca 700 meter nordover. Hermodshola ligg i sørkant av den bratte fjellsiden du ser opp til venstre. Inngangen, ca 0,6x0,6meter, er lett og finne ved foten av fjellsiden øverst i steinrøysen. En kan krype inn med føttene først, ta med lommelykt. Der inne vil det komme frem et flere meter høyt rom. Du må ikke klatre i veggpartiene og "taksøylene".

Hermodshola

- To karar; Anders frå Flothyl og Trond frå Hallingdal,
hadde planlagt å rane ein numedøl som dei visste bar på sølv.
Numedølen som heitte Hermod, skulle over fjellet til
Vestlandet langs Ålmannsvegen. Anders og Trond la
seg på lur ved Kreklingdyrskaret for å skyte numedølen.
Like ville dei gøymei ei hole oppunder Kreklingdyrnut.
Så kom numedølen etter vegen.
"Ja, no vi' eg skjote," sa Trond.
"Nei, skjyte du han, so skjyte eg deg," sa Anders, som
hadde begynt å angre på planen.
Slik slapp numedølen, men hola vart heitande
Hermodshola likevel.
Kilde:Vågslid - Bygda ved Vidda.

Sykkeltur i fagre Havradalen:

Ved Tokkeutbygginga ble det laget en traktorvei fra Prestegard Fjellstue til Havradalen, og oppover langs Bora. Her er det lett og fint å gå. Spesiell og spennende sykkeltur og, dersom du har solid sykkel. Frå Prestegard er det omlag 6 kilometer over Krekledyrflott (Krysser Ålmannvegen) og ned til Havradalen.

Vandreregionen i øvre Telemark byr på korte og lette vandreruter, lange og bratte toppturar og kultur- og naturopplevingar på godt merka ruter.

Trykk for stort bilde

Trykk for stort bilde



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.