Hjem > Sommer & høst > Seterliv



Seterliv

På langsletta over Ulevå, mellom Haukeliseter og Haukelitunnelen, ligg 2 geitestøylar der det er drift kvar sommar. Begge har geiter og det vert ysta geitost der. På den innarste støylen er det Jan Haslemo, frå Øvre Vats, som driv.

Jan har, i ein alder av 34 år, allereie støla her i 13 sommarar og har ingen planar om å gi seg med det fyrste. Han driv til vanleg gard i Øvre Vats, med 250 mjølkegeit, 100 kje og 250 sauer.
Geitene frå garden i Vats har lange tradisjonar med sommarbeite på Haukelifjell, og før Jan tok til var det Anna Walle frå Røldal som var stølsbudeie for Haslemofamilien. Anna støla i området i om lag 36år, og i ein stor del av denne tida var det Løyningroe, aust for Vågslidtunnelen, som var geitestøylen.

Jan har hektiske dagar, og lite fritid gjennom den korte sommarsesongen, som stort sett varer frå 1.juli til 15.september.
Her er det mjølking både morgon og kveld, og frå 250 geit vert det ca 600 ltr mjølk pr dag
Om lag ein tredjepart av mjølkeproduksjonen vert levera til ysteriet i Haukeli, som nyttar denne geitemjølka til å lage den etterkvart så populære Chevré osten

Den øvrige mjølka vert ysta til geitost, på støylen til Hoslemo. Mjølka vert koka i ei STOR gryte der temperaturen ligg på ca 95grader. Etter om lag 7 timar er 90% av mjølka fordampa, og det ligg igjen ei kompakt karamell-liknande masse, som det heile tida vert rørt rundt i. Den flytande ostemassen vert så fylt i runde former.

Jan fortel at han stort sett ystar 30-40 ostar, kvar dag, heile sommaren! Avsetninga er det ikkje problem med, han har mange faste kundar som kjem igjen, år etter år, og dei same kan vera innom fleire gonger i løpet av sommaren.

Ein skulle kanskje tru at det vart einsamt å bu åleine på ein støyl midt oppe på Haukelifjell? Men, nei; Jan trekker fram at ein av dei positive sidene med opphaldet på fjellet kvar sommar, er at det er så mange å snakke med. Når ein likar å prate med folk, og er glad i fortelje om arbeidet sitt, så er alt berre triveleg. Jan legg til at han ynskjer alle velkomen innom for å sjå og spørje, utan at det dermed er kjøpeplikt av ost.

Det kan vera mangt slags ver i løpet av sommaren, og det er ikkje like idyllisk kvar dag, men Jan klagar ikkje over det. Skal han trekke fram negative sider, så er det at arbeidet vert einsformig og at han ikkje har fritid.
I skuleferien derimot, har han mykje besøk av familien sin og då er dei fleire til å dele på arbeidet og har kjekke dagar saman.

Mykje ved støylsdrifta har sjølvsagt vorte mykje lettare med åra. Før mjølka dei for hand, ein heilt annan verden enn den ein har i dag, med moderne mjølkemaskinanlegg. På støylen har dei nå dieselaggregat, og gass har overtatt fyringa av ystegryta, i staden for ved.

Geitene er ute på beite heile dagen, men kjem stort sett heim av seg sjølv når det lir mot mjølketid. Jan fortel at han ikkje har trafikkproblemer med geitene. Vassdraget skil dei vekk frå E134 og hans buskap er ikkje ”tunnelgeiter”, som mange har opplevd å møte på i tunnelåpningane.

På spørsmål om kva som er spesielt med geitosten hans, så trekker han fram, at det er særpreget frå plassen, som påverkar smaken. Dessutan vert kvaliteten bra, sidan han alltid ystar på heilt fersk mjølk.
Og Mattilsynet? Ja, dei er innom no og då, og kontrollerer at alt er som det skal!

Den ”ekta geitosten” har eit feittinnhald på 38-40% og kan lagrast i kjøleskap i 3-4 mndr. Den kan også frysast utan at dette forringar smaken.
Vintermagasinets redaksjon kan skrive under på at osten har ein fortreffeleg smak, og er populær blant frukostgjester i alle aldrar!



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.