Hjem > Aktør > Vasseventyret > Vasseventyret på Haukelifjell


Velkommen til Vasseventyret på Haukelifjell

Sildre

Turvegen er tilrettelagt for barnevogn.

Arbuvollen Fjellbutikk opnar 27.juni 2015


Vasseventyret på Haukelifjell

Ein interaktiv opplevingssti med aktivitetar for liten og stor.

Her får du vere med superhelten Sildre på jakt etter vasspyren Surkula. Sildre er ein glad vassdrope med superkrefter.
Historia er fortalt som ein teikneserie på fem informasjonspostar langs turvegen.

I tillegg til historia om Sildre og Surkula er det installasjonar der du kan sjå korleis ein lagar straum og ha ein real vasskrig med Surkula.

Det er to fine grillplassar på turen. Hugs grillmat og grillkol!

  • 1,3 km lang rundtur
  • Tilrettelagt for barnevogn
  • Fyrste del av turvegen er tilrettelagt for rullestolbrukarar
  • Fiskeplass
  • To fine grillplassar


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.