Hjem > Aktør > Litteraturdagane i Vinje > Litteraturdagane 2013 blir frå 29.august til 1.september


- bli betre kjende med forfattarar frå Vinje og andre delar av landet.

Litteraturdagane i Vinje
Telefon: 35 06 23 50

kommunehuset
3890 Vinje


Litteraturdagane 2013 blir frå 29.august til 1.september

Last ned program her:

program 2013

Litteraturdagane i Vinje er ei årleg tilskiping der meininga er å bli litt betre kjende med forfattarar frå Vinje og andre delar av landet.

I samband med Litteraturdagane i Vinje delar me og ut Storegutprisen under kulturkvelden på Edland laurdagskvelden.

Storegutprisen

STOREGUTPRISEN 2012

Nemnda for utdelinga har i år vald Ingvild Bryn som vinnar av den 11. Storegutprisen.

Aasmund Olavsson Vinje gav ut diktverket Storegut i 1866. Diktet er bygd på segnene om Olav Olavsson Edland (1764-1791).

Storegut er sentral i Vinjes dikting.

Forteljingane om kjempekaren gjekk på folkemunne, og dei uvisse omstende rundt det som hende då han brått blei burte med han gjætte drift i Bordalen, gjorde sitt til at livet til Storegut eggja fantasien til folk. Aasmund Olavsson fekk nok høyre desse forteljingane mang ein gong. Ikkje minst av sin eigen far.

Litteraturdagane i Vinje heidrar diktaren vår med å dela ut ein målpris som me har kalla Storegutprisen.

Prisen blir gjeven til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk mål i det offentlege rom.

Prisen blir dela ut på festkvelden under Litteraturdagane,( i år er det laurdag 1.september) og det er naturleg å dela ut prisen i hallen som står på garden der Storegut var frå.

Det er ingen stad nynorsk kjem i så god kontakt med så mange som i media.

Ingvild Bryn er kjend og kjær for oss alle som nyhendeanker i NRK – på nynorsk.

Me meiner at måten ho nyttar nynorsk på kan stå som mønster for alle.

Difor er me glade for å kunna gje Storegut-prisen 2012 til ein so verdig mottakar.

Dette er 11. gong prisen blir dela ut, den fyrste som fekk prisen var Ivar Eskeland under litteraturdagane i 2002, dei andre prisvinnarane er Berge Furre, Ragnhild Seltun Fjørtoft, Bjørn Bø, Sigmund Groven, Liv Signe Navarsete, Audun Svartdal, Nina og Øystein Rudi, Odd Nordstoga og Astrid Brekken

Litteraturdagane i Vinje er eit samarbeidsprosjekt med Vinje Kommune og Telemarks Fylkeskommune med stønad frå:

       

29. august - 2. juni 2013

man tir ons tor fre lør søn
             


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.