Hjem > Aktør > Haukeli Næringslag > Aktuelt > Gjertruds Sigøynerorkester til Edland og Fjellvang fredag 17.november


STERKE SAMAN!

Haukeli Næringslag
E-post: haukelinaeringslagSPAMFILTER@gmail.com (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

3895 EDLAND


Gjertruds Sigøynerorkester til Edland og Fjellvang fredag 17.november

Dei har seg ein tur innom Vaksenopplæringa i Åmot før dei set kursen mot Edland. Folkeakademiet i Vinje i samarbeid med Dølten og Flyktninggruppa i Edland og Haukeli står som tilskipar. Dette blir ein forrykande kveld med god musikk. (Du rekk gullrekka etter at du har avslutta konserten på Fjellvang)

Gjertruds Sigøynerorkester har turnert over store deler av Norge, til og med Svalbard, vore med i radio og TV, deltatt på ei rekke festivalar og festspill og spila inn fleire cd-ar. Ensemblet mottek ensemblestøtte frå Norsk kulturråd. 

Om musikken 

Østeuropeisk sigøynermusikk, er prega av brå skift, frå sår melankoli til fyrige danserytmer. Element fra kunstmusikk, 1800-talls populærmusikk og ikkje minst folkemusikk har smelta samen til ein unik musikkform der folkemusikken sitt tonespråk blir kopla med klassisk/romantisk klangideal og virtuos spilleteknikk. Gehørbasert innstudering og arrangering, kombinert med ”klassisk” spilleteknikk og virtuositet gir rom for eit nyansert, leikent og inderleg musikalsk uttrykk. Sigøynermusikken sin variasjonsrikdom i rytme, tempo og frasering, der det blir forventa at ensemblet følger, krev ekstremt tett og fleksibelt samspill.

Det blir kaffi og kake inkludert i billettpris kr. 200.- /150 .- for medlem og gratis for ungar

17. november 2017

man tir ons tor fre lør søn
         V    


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.